MAGISKE PROVENCE RETREAT
Intuitiv teikning
Trommereise
Avignon, Provence, Frankrike
03. - 07. oktober 2024
Retreat instruktør: Sandie Carol Dougnac

PÅ AUSTBREIDDA AV RHONE-ELVA LIGG AVIGNON, byen som er kjend for si historiske rolle som pavesete for fleire pavar i det 14. århundre og som i dag trekkjer folk frå heile verda til sin årlege teater-festival.


Du vil oppleve Intuitiv Teikning og avslappande trommereiser.
Alt er tilrettelagt for nybyrjarar.
Du vil og nyte di eiga tid til å dra på oppdagelses-ferd i den idylliske gamlebyen i Avignon, der du kan inspirerast av kunst-utstilling og nyte vin nyte vin på ein av dei lokale vin-barane.
Me arransjerar ein magisk dagstur til Camargue Naturreservat med fransk lunsj, ridetur på Camargue-hest langs Middelhavet og ei seanse med intuitiv teikning ved Middelhavet.
Om kvelden vil me samlast til sosialt samvær og sanseleg nytelse, med noko forfriskande i glaset og deilig fransk mat.


CLOITRE SAINT LOUIS, eit sjarmerande kloster frå 1500-tallet, som er omgjort til et unikt hotell med basseng på takterrassa, vil vere vertskap for vårt Magiske Provence Retreat.
Her vil du kunne kvile, bade, sole deg, spise deilig fransk mat, og bestille regnboge-drink i baren.


Hotellet ligg i hjarta av GAMLEBYEN AVIGNON, byen som blei innskriven på UNESCO's verdensarvliste i 2005, like ved pavepalasset i Avignon, den gotiske katedralen Notre-Dame des Doms d'Avignon og den kjende brua Pont d'Avignon frå 1100-talet.
Det er eit perfekt utgongspunkt for å dra på oppdagelsesferd i byen. Avignon er og ein kulturby som er kjent for sin teaterfestival og sitt rike kulturliv. Du vil elske å gå rundt i dei gamle gatene med sjelfulle steinhus og sitje på kafeterrasse og sjå på folkelivet.

MAGISKE PROVENCE RETREAT holdes av Sandie Carol Dougnac,
fransk-norsk kunstnar og lyd-healar som er busett i Avignon i Provence.


Kunstnar, kunst-coach og lyd-healer
Sandie Carol Dougnac
Sandie er fransk-norsk kunstnar, kunst-coach og lydhealer, som er busett i Paris.
Forutan å skape kunst og gatekunst i Norge, Frankrike og på Cuba, tilbyr ho online kurs i kunst og i lyd-healing med sjaman-tromma si.
I Magiske Provence Retreatet vil ho undervise i teikning for nybyrjarar og du vil lære deg å bruke teikneblyantar og pastellkritt / teikneblyantar for å lage kunst ifrå sjela.
INTUITIV KUNST
Kom i kontakt med di intuitive kraft gjennom håndkolorering av abstrakte bilder med fargesterke pastellkritt
Sandie vil vise deg korleis du med enkle teknikkar kan skape vakre teikningar, med blyant eller pastellkritt, og frigjere kreativ kraft som berre ventar på å få kome ut!
"Å teikne med hendene med pastellkritt er en virkelig befriende og intuitiv måte å teikne på, som hos meg satte igang en helt ny teikneglede og kreativiteten i meg blomstret opp enormt under dette kurset."
Anita Bertina Sanderhoff

TROMMEREISE
Opplev lyd-healing gjennom guida meditasjon, tromming, rasling og song.
Tromme reise er ei oppleving av å reise innover i seg sjølv vha. rytme og tromming. Lyden av tromming fører hjernen din inn i thetabølgje, ein tilstand av djup kvile, der du vil få kontakt med det underbevisste og du kan oppleve å få vakre visjonar, healing og kjenne du fylles opp med ei ny indre kraft.
"Sandie - dette var så nydelig jeg måtte bare si det flere ganger! Følte din feminine kraft og din ro skylle over meg som en bølge av overflod og kjærlighet. Vær så snill og fortsette med dette så vil verden bli et bedre sted!"
Marianne Milda Ødegaard


Programmet for Magiske Provence Retreatet
Start hausten med å ta vare på deg sjølv og bli med på ei kickstart reise til Provence i oktober!
Torsdag 3. oktober
kl 20.00 - Velkomstmiddag på hotellet
Fredag 4. oktober
kl 8.00 - Magisk morgon meditasjon med Sandie
Kl 9.00 - Frukost
Kl 10.30 - Utflykt til Camargue Natur-reservat ved Middelhavet
Kl 12.00 - Lunsj i Saintes-Maries de la Mer i Camargues (ikkje inkludert)
Kl 14.45. - Ein nydeleg ridetur ved Middelhavet på Camargue-hest (valgfritt, ikkje inkludert), gåtur eller bading
Kl 17.30 - Intuitiv teikning på stranda
Laurdag 5. oktober
kl 8.00 - Meditasjon med Sandie
Kl 9.00 - Frukost
Kl 10.30 - Intuitiv Teikning med Sandie
Kl 12.00 - Eigentid til å kvile, sole seg, bade på hotellet eller til å dra på oppdagelsesferd i Avignon, der du kan besøkje severdigheter, gå på kunst-utstilling eller ta ein kaffi i sola på ein av dei lokale kafeane.
Søndag 6. oktober
kl 8.00 - Meditasjon med Sandie
Kl 9.00 - Frukost
Kl 10.30 - Trommereise og intuitiv teikning med Sandie
Kl 12.00 - Eigentid til å kvile, sole seg, bade på hotellet eller til å dra på oppdagelsesferd i Avignon, der du kan besøkje severdigheter, gå på kunst-utstilling eller ta ein kaffi i sola på ein av dei lokale kafeane.
Mandag den 7. oktober
kl 8.00 - Morgon meditasjon med Sandie
kl 9.00 - Frukost
Kl 10.30 - Intuitiv teikning med Sandie
Kl 12.00 - Lunsj
Avreise

REISE & OPPHOLD er ikkje inkludert i kurspakken
REISE booker du sjølv. Du flyr til Marseille den 03/10 og reiser vidare med felles minibuss frå Marseille til Avignon (30 min).
Pris fly (tur-retur): ca. 3000 kr
HOTELL bookes og betales av deg via denne linken:
Hôtel Cloître Saint Louis
https://www.hotel-cloitre-saintlouis-avignon.fr/en/
Pris hotellrom (Supérieur Enkeltrom)
158€/ natt, pris for 3 overnattingar: ca. 5400kr.
Pris for reise og opphold er ca. 9000 kr
MÅLTIDER Frukost buffet er inkudert i hotellprisen. Lunsj og felles middag om kvelden kjem utanom. Sandie hjelper til med å organiser dei felles kvelds-måltida, og du kan rekna rundt 500kr for ein tre retters middag.
FORSIKRING Det er bindande påmelding, men om du skulle vere forhindra frå å dra på grunn av sjukdom, vil du få avbestilling dekkja av reiseforsikringa di.