Kreativ Kraft Kvinnesirkel
R E T R E A T i P R O V E N C E
kunst & trommereise retreat i AVIGNON
med kunstnar og lydhealer Sandie Carol Dougnac

Velkomen til Avignon!
På austbreidda av Rhone-elva ligg Avignon, byen som er mest kjent for sin historiske rolle som sete for fleire pavar i det 14. århundre.
Gamlebyen i Avignon blei innskriven på UNESCO's verdensarvliste i 2005. Den historiske bykjernen inneheld pavepalasset i Avignon, den gotiske katedralen Notre-Dame des Doms d'Avignon og den kjende brua Pont d'Avignon fraa 1100 talet, kjent frå songen "Sur le Pont d'Avignon".
Det er i hjarta av denne byen i Provence at vårt kunstneriske og spirituelle retreat vil finne stad! I denne sjarmerande byen med 92.000 innbyggjarar har me funne ei perle av ein plass å bu på under opphaldet ditt i Avignon. Eit kloster frå 1500 talet som no er transformert til eit fire stjerners hotell med badebasseng på takterassa. Den perfekte stad for både ei indre reise og ei ytre reise full av sanseleg nytelse.

I Cloître Saint Louis (St Louis klosteret) vil me få ro til å reise både innover i oss sjølve og til å knytte bånd til våre medsøstre i Kreativ Kraft-retreatet. Staden er i seg sjølv ei nytelse for alle sansar!






Trommereiser & Intuitiv Kunst
Sjå for deg 5 dagar der du invisterar i deg sjølv. I di glede. I ditt velvære. Der du vil bruke formiddagen til å utvikle deg spirituelt og kunstnerisk gjennom trommereise, kraft-samtalar og skaping av intuitiv abstrakt pastellkunst i kvinnesirkel. Og der du vil ha ettermiddagen fri til å utforske Avignon, ta deg ein kaffi på ein fortauskafe, dra på utflykt til lavendel-åkrar, eller dra ut til eit vinslott på vinsmaking.
Me vil spise felles frukost på Cloître Saint Louis hotellet og det pleier å vere ein felles fransk tre retters middag på kvelden, som ei nydeleg sosial avslutning på ein magisk dag!

Liss-Hege Eriksen - Kunstnar
🎨🌟 Sandie Carol Dougnac har vært min fantastiske guide gjennom pastell-eventyret! Bosatt i hjertet av Paris, var hun en imponerende gatekunst- og mixed media-kunstner. Som hennes elev har jeg ikke bare lært nye teknikker som har styrket signaturen i mine bilder, men også blitt mer selvsikker som kunstner. Sandie har ikke bare delt kunstferdighetene sine, men gjennom kunst-coaching har hun hjulpet meg i å finne trygghet i min egen kunstneriske stemme. Å være en del av denne kunstnergruppen har vært en inspirerende reise, der vi sammen har utviklet oss. Takk, Sandie, for å ha forberedt meg til å dele min egen kunst med verden! 🙏🎨
Flyreise
Den beste måten å reise til Avignon på er å ta flyet til Marseille, og så ta toget til Avignon (30 min). Deltakarane vil sjølve booke og betale flyreisa si, som ligg på ca. 3000kr tur / retur.
Hotell og mat
Hotell med frukost på Hotell le Cloître Saint Louis er organisert og betales av deltakarane 2 mnd før avreise. Me vil sende ein mail om dette når det nærmar seg. Prisen for eit Supérior Hotelrom for ein person er 158€ per natt inkludert frukost buffet. Ein tre retters middag ligg på 30€ (ekskl. drikkje)