UTSTYRS-LISTE TIL PASTELKUNST

 Alt du treng for å kome i gong med å skape kunst med pastellar!

 

I 2011 var eg på utstillinga av Odilon Redon "Draumane sin prins" i Grand Palais i Paris og eg forelska meg heilt i kunstnaren og i pastellane hans. Like etter drog eg til Sennelier, den eldste kunst-utstyr butikken i Paris og som er produsent av pastellane, som var høgt elska av Degas, Cézanne, Chagall og Picasso. Eg kjøpte meg eit vakkert pastelskrin i tre, fullt av 100 nuansar deilige, pigmentsterke pastellar. Så testa eg dei ut ved å håndkolorere med dei på mine foto trykt på lerret og det var rein lykke!

PASTEL-UTSTYR

I dei siste 13 åra har eg jobba med pastellane som eit av mediene i min Mixed Media Art Kunst, der eg håndkolorerar mine eigne fotografi trykt på lerret med pastellane. Eg har og lært bort desse teknikkane til kunst elevane mine, både online 1:1, i grupper, og på fysisk helgekurs i mitt atleier i Paris. Etter å ha prøvd ut diverse pastell-utstyr gjennom 13 år brukar eg no kun favoritt merkene mine og det aller beste utstyret, som eg no delar med deg i denne Pastel-utstyrslista.
Du vil og finne ei oversikt til slutt over kvalitets-butikkar som sel pastell-utstyr i Norge, og kva dei har i av pastel-utstyr i kvar av butikkane.
Til slutt vil eg leggje ved ein link til nettsida mi, der du kan lese meir om mine ulike pastel-kurs og du vil få link til mine Sosiale Medier, FB og IG.

Pastellar

Pastellar har blitt brukt av kunstnarar i fleire hundre år og under dette mediet finn me ulike typar som tørr pastel, oljepastel, hardpastel, pastellblyantar og andre tørre medier. Sjølv brukar eg tørre pastellstiftar og pastell-blyantar, så eg vil konsentrere meg om desse i presentasjonen min.


Tørre pastellar

Tørre pastellar er laga av pigment blanda saman med litt bindemiddel. Dei liknar kritt eller kolstiftar. Dei pigmenttette pastellane er uttrykksfulle og det er ei nydeleg, sensuel kjensle å håndkolorere bilder ved å stryke dei tørre pastellane på fingertuppane for så å fargeleggje kunstpapiret eller lerretet. Uttrykket blir sterkt, fargerikt, luftig og draumande.
Mine favorittmerker: Sennelier, Rembrandt og Schmincke.

Pastelblyantar

Pastelblyantar er fine å bruke når ein vil teikne meir detaljert enn med dei tørre pastellstiftane. Me kan kvesse desse med ein pastelkvessar, som liknar ei stor neglefil, i tre med sandpapirflater på. Då pastellane er skjøre vil me ta godt vare på pastellblyantane våre med ein slik pastellkvessar, og me vil kunne ha glede av dei lenger.

Mine favorittmerker: Derwent Fine Art Pencils og Bruynzeel Design

Diverse utstyr

I tillegg til sjølve pastellstiftane og pastellblyantane treng du berre eit lite tørkle i bomull (til å styrke lett av overflødige pastellar på kunstpapir eller lerret), vanleg viskelær og knett-viskelær, pastel-kvessar (helst pastel-limefil), og fikserings-spray for pastellar (Eg brukar Sennelier sin). 
Du treng ikkje kjøpe alt utstyret med ein gong. Du kan godt starte med eit lite skrin med pastellstiftar, eit vanleg viskelær og kunstpapir, så kan du kjøpe pastelblyantane etterkvart. Det viktigaste er å kome i gong og å få kjenna på den store gleda det er å setje farge på papir og lerret, og på livet ditt, med pastellane!

Treng du ein pastelkunst-coach?

Eg lære deg med glede korleis du kan bruke pastellane i bildene dine, og eg tilbyr ulike kurs online og i mitt atelier i Paris som du kan lese om på nettsida mi: https://www.sandiecarol.com